Praktisk info

Velkomen til Hemsingfestivalen! Her finn du nyttig informasjon om festivalen, konsertarenaene og overnattingstilbod, slik at du får ei best mogleg oppleving under opphaldet i vakre Valdres.

Stad

Hemsingfestivalen blir arrangert i Aurdal i Valdres, eit område som er kjent for eit storslått kulturlandskap, levande folkemusikktradisjonar og ein gjestfri atmosfære. Aurdal ligg midt imellom Oslo og Bergen, og det er gode samband frå både aust og vest med bil og buss.

Reiseveg:

  • Med bil: Om lag 2,5 timar frå Oslo og 3 timar frå Bergen. Følg E16 til Aurdal.

  • Med buss: Daglege avgangar frå Oslo Bussterminal til Aurdal. Nokre bussar går også om Oslo lufthavn, Gardermoen.

  • Med tog: Tog til Gjøvik, med buss vidare til Fagernes og Aurdal.

Konsertarenaer

  • Aurdal kirke

    Aurdal kirke er ei lafta korskyrkje frå 1737 i Nord-Aurdal kommune, Innlandet fylke.

  • Valdres Folkemuseum

    Valdres Folkemuseum er eit av dei største og eldste friluftsmusea i landet, etablert i 1901.

  • Noraker Gård

    I Aurdal i Valdres ligger Noraker Gård som i dag drives i 12. generasjon.

  • Aurdal fjellkirke

    Aurdal fjellkirke på Aurdalsåsen er ei åttekanta kyrkje frå 1966 i Nord-Aurdal kommune, Innlandet fylke.

  • Nythun

    Nythun er festivalhotellet, og her kan publikum også få oppleve Morgonstemning, ein frukostkonsert og Smak med tonar, ein fireretters middag med musikk. 

  • Låven hjå Tor-Evert og Line

    I låven frå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» har det budd dyr i mange år.

  • Ballsalen i Sorenskrivargarden

    Ragnhild Hemsing har opna heimen sin i Aurdal og den nyrestaurerte Ballsalen i Sorenskrivargarden i Aurdal frå 1800-talet.

  • Trykkeriet

    Trykkeriet er ein ny, ombygd kulturarena i hjartet av gamle Fagernes.

Overnatting