FRAMR talentprogram
FRAMR – Hemsingfestivalens talentprogram for klassisk musikk og folkemusikk, er det einaste programmet i sitt slag som samlar unge talent frå både klassisk musikk og folkemusikk.
Målet er å utforske korleis dei to sjangrane påverkar og berikar kvarandre – og å gje deltakarane eit unikt innblikk i samanhengen mellom tradisjon og nyskaping. Meld deg på innan 9. oktober 2026 , og du kan bli ein av dei heldige som blir plukka ut til å delta! FRAMR talentprogram foregår ved Hemsingfestivalen i Valdres torsdag-sundag i veke 8, i tillegg haustsamling i Drammen 29.-30. oktober 2027. Som deltakar får du vere med på meisterklasser i både klassisk musikk og folkemusikk, lære om tradisjonsmusikk frå Valdres, og delta på kurs i sceneopptreden, formidling og presentasjon – og mykje meir.
Kven kan søkje?
✅ Er du mellom 15 og 22 år?
✅ Brenn du for musikk og vil du utvikle ditt eige talent?
🤩 Då vil me høyre frå deg! 👉 Meld deg på – eller tips eit talent!
Støttet av Sparebankstiftelsen DNB og Talent Norge