Om Hemsingfestivalen
Hemsingfestivalen blir arrangert årleg i Aurdal, ei lita fjellbygd i Valdres med 700 innbyggjarar og stolte kulturtradisjonar. Her henta Edvard Grieg og Knut Hamsun inspirasjon i den vakre naturen, og Frydenlund Skysstasjon vart ein viktig møteplass for kunstnarar frå heile Noreg.
Musikarsystrene Ragnhild og Eldbjørg Hemsing vaks opp i bygda, og dei vart tidleg introduserte for både klassisk musikk og folkemusikk. I dag er dei begge internasjonalt etterspurde kunstnarar med heile verda som arbeidsplass. Systrene har stor glede av å formidle musikkens magiske kraft og djupn til publikum, noko som inspirerte dei til å etablere sin eigen internasjonale kammermusikkfestival i heimbygda. Ynsket er å overføre eigen kompetanse til miljøet dei vaks opp i, og med det syne korleis musikk kan prege eit samfunn og skape identitet og tilhøyrsel.
Intime møte med stor musikk
I siste del av veke 8 blir høgt respekterte internasjonale musikarar frå heile verda inviterte til kammermusikkfestivalen i Aurdal for å skape augeblikk ein ikkje gløymer.
Hemsingfestivalen med sitt særpreg byr på rundt 25 konsertar og arrangement over fire dagar. Alle konsertlokala gjev ei intim og nær stemning. Bygda si vakre kyrkje frå 1737 er midtpunkt for festivalen, og Skrivargarden har eit historisk preg, mens den moderne fjellkyrkja på Aurdalsåsen inviterer til ein kombinasjon av skiturar i vakker natur og store musikkopplevingar.
Hemsingfestivalen er sterkt lokalt forankra, og har frå starten av hatt eit tilbod spesielt retta mot barn og unge i dalføret. Ynsket er å løfte den klassiske musikken i lokalsamfunnet ved å engasjere kulturskulen til å ta del i ein konsert.
Me presenterer også bygdas rike mattradisjonar og eit støttande lokalt næringsliv. Og ikkje minst er me svært takknemlege for innsatsen frå frivillige som gjer det mogleg å gjennomføre festivalen med bravur.