Bli med som frivillig – og skap intime møte med stor musikk i Valdres!  

Frivillige har vore ein uvurderleg del av Hemsingfestivalen heilt sidan starten i 2013. De skapar den gode stemninga me er så stolte av – med engasjement, varme og eit smil på lur. Me set umåteleg stor pris på innsatsen dykkar. Tusen takk for at de er med og gjer festivalen til ei unik oppleving!

Kvifor er frivillige så viktige?

Ingen festival utan frivillige! Ragnhild og Eldbjørg gler seg til årets festival og ser fram til eit godt samarbeid – akkurat som i fjor.
Tidlegare evalueringar viser at frivillige trivst med oppgåvene sine og gjerne vil vere med igjen. Det set me stor pris på!
Men festivalen veks, og me treng endå fleire frivillige. Kanskje det blir deg?

Kva kan du gjere som frivillig?

Oppgåvene varierer, men kan vere å:

  • førebu konsertlokale til øvingar og konsertar

  • selje billettar og registrere førehandsbestillingar

  • bidra til (barne)aktivitetane  

  • servere, rydde og selje mat og drikke

  • tenne faklar, skilte parkering og arrangement

  • vere parkerings- eller brannvakt

  • rigge konsertarenaer før og etter konsertar

  • hjelpe artistar og festivalstab på hovudkontoret

  • og mykje meir!

Me blir sjølvsagt veldig glade om frivillige vil hjelpe til fleire dagar, men me er like glade om du kan bidra med éi vakt eller på éin konsert. Så ikkje nøl med å melde deg på – sjølv om du berre kan hjelpe éin gong!  

Dette får du tilbake:

  • Høve til å høyre konserten der du hjelper til*

  • Stor rabatt på billett til konsertkviss fredag kveld (anbefalt!)

  • Mat og alkoholfri drikke på vakter

  • Eit unikt innblikk bak kulissane

  • Masse kos og hyggelege augneblinkar!

*Om konserten er utseld, får du billett til ein annan konsert.

Kven kan søkje?

Du må vere blid, positiv og ha god dugnadsånd.
Har du behov for tilrettelegging? Ta kontakt med frivilligsjef Martine Willemstein: frivillig@hemsingfestivalen.no

Ynskjer du å arbeide som frivillig?

Festivalen utvidar seg og me har behov for endå fleire frivillige! Skriv nokre ord om deg sjølv og kvifor du vil vere frivillig.

Søknadsfrist 7. januar.