Ballsalen i Sorenskrivargarden
Ragnhild Hemsing har opna heimen sin i Aurdal og den nyrestaurerte Ballsalen i Sorenskrivargarden i Aurdal frå 1800-talet.
Sorenskrivargarden har røter tilbake til 1600-talet, og hovudbygningen vart oppført i 1846.
På 1800-talet var Aurdal sentrum i Valdres-regionen, og rett nedanfor Sorenskrivargarden var endestasjonen på Valdresbanen. Sorenskrivaren fungerte både som skatteoppkrevjar og dommar, og Sorenskrivargarden var ein mykje brukt festplass for borgarskapet. Spelmennene laut lære seg kunstmusikk som franchaise og fandango i tillegg til dei lokale dansane, og slik var bygningen ein arena for kulturmøte. Knut Hamsun, som budde på nabogarden, fekk stipend av sorenskrivarfrua då han skreiv boka Victoria. I «Aurdalsbyen» er sveitserstilen dominerande, og Sorenskrivargarden er den einaste bygningen i utprega empirestil. Ballsalen er restaurert attende i 1800-talsstil, og Ragnhild Hemsing gler seg over å kunne invitere til ulike kulturarrangement.
Her finn du Sorenskrivargarden:
Danebuvegen 3, 2910 Aurdal