Valdres Folkemuseum

Valdres Folkemuseum er eit av dei største og eldste friluftsmusea i landet, etablert i 1901.

Museet forvaltar store samlingar og arkiv og samarbeider med alt frå forskingssektoren og frivilligheita – til musikk- og kulturlivet om konsertar, festivalar og arrangement. Eit viktig satsingsområde er folkemusikk og folkedans. Museet vart kåra til Årets museum i Noreg i 2022. Valdres Folkemuseum ligg på ei halvøy i Strøndafjorden, 800 meter frå Fagernes sentrum i Valdres.

Her finn du Valdres Folkemuseum:
Tyinvegen 27 2900 Fagernes