Aurdal kirke
Aurdal kirke er ei lafta korskyrkje frå 1737 i Nord-Aurdal kommune, Innlandet fylke. Kyrkja er ein naturleg base og eit midtpunkt for konsertar på Hemsingfestivalen.
Den noverande altertavla, frå 1792, er tilpassa det vesentleg større kyrkjerommet. Ho viser Jesus på krossen, med Maria og Johannes ved sida, og denne kalvariegruppa er omgjeven av Aron og Moses. Preikestolen er truleg frå slutten av 1600-talet, men har noko yngre dekorelement. Han er måla av Ole Hermundsen Berge, som tok vare på enkelte av dei gamle fargane. Døypefonten er av marmor og kleberstein.
Her finner du Aurdal kirke:
Valdresvegen 29, 2910 Aurdal