Aurdal fjellkirke

Aurdal fjellkirke på Aurdalsåsen er ei åttekanta kyrkje frå 1966 i Nord-Aurdal kommune, Innlandet fylke. Byggverket er i reisverk, laga av furu, og har 100 sitjeplassar. Kyrkja har fått eit stavkyrkjepreg.

Du kan oppleve konserten «Musikksporet», ein matinékonsert i fjellkyrkja laurdag under festivalen.

Her har du òg moglegheit til å gå på ski til konserten og prøve dei flotte skiløypene i området, setje frå deg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i skiantrekk og nyte 45 minutt med klassisk musikk før du kan ta på deg skia igjen og halde fram med skituren.

Det tek om lag 15 minutt å køyre frå Aurdal sentrum til fjellkyrkja.  

Her finn du Aurdal fjellkirke:
Fetjasetvegen 85 , 2910 Aurdal