Nythun
Nythun er festivalhotellet, og her kan publikum også få oppleve Morgonstemning, ein frukostkonsert og Smak med tonar, ein fireretters middag med musikk.
Nythun har eksistert sidan 1954. Då opna Reidar Nythun dørene for turistar i ei enkel, men sjarmerande fjellstove for første gong. Marit og Jørn overtok etter foreldra til Marit i 1994, og bygde jamt og trutt vidare på livsverket og dei gode mattradisjonane.
Fjellstova ligg nær ei historisk setergrend med rikt dyreliv, og er eit utgangspunkt for fjellturar og skiturar. Nythun har alltid hatt heimelaga mat og ein gjestfridom du må leite lenge etter. Sidan 1994 har vertskapet finslipt den kulinariske forma og utvikla kjøkkenet til å bli ein anerkjend og velrenommert matstad. Nythun har fått ein velfortent plass på det gastronomiske Noregs-kartet. Så langt det er mogleg, blir råvarene henta frå det lokale landbruket, og det blir servert frittgåande kalv, kje, lam, reinsdyr og fjellgris. Hos oss blir alt baka frå botnen av, sausane har putra i store kraftkjelar i fleire dagar, og maten blir laga med entusiasme og respekt for råvarene.
Ærleg, velsmakande – og av og til overraskande!
Marit og Jørn står sjølve på kjøkkenet, og all erfaring frå inn- og utland dannar grunnlaget for dei gode matopplevingane.
Her finn du Nythun:
Nythunvegen 6, 2890 Etnedal