Intime møte
med stor musikk
19.–22. februar 2026
Nære møte med folkemusikk og klassiske meisterverk, omgitt av Valdres’ storslegne natur. Sjå program
Hemsingfestivalen
Hemsingfestivalen blir arrangert årleg i Aurdal, ei lita fjellbygd i Valdres med 700 innbyggjarar og rike kulturtradisjonar. Festivalen samlar folkemusikk og klassisk musikk i samspel, midt i eit landskap som har inspirert både Edvard Grieg og Knut Hamsun. Frydenlund Skysstasjon var ein gong ein viktig møtestad for kunstnarar frå heile landet – ei rolle festivalen i dag fører vidare.
Artistar 2026
Eldbjørg
Hemsing
Fiolin
Ragnhild Hemsing
Fiolin
Rein
Alexander
Vokal
Mathias
Eick
Trompet
Hemsingfestivalen samlar dei fremste klassiske og folkemusikalske utøvarane i landet, og ønskjer også internasjonale toppartistar velkommen til storslåtte konsertar i vakre norske omgjevnader. Festivalen lyfter òg neste generasjons musikarar gjennom talentprogrammet FRAMR, der unge lovande får spele side om side med dei etablerte.
Praktisk info
Her finn du informasjon om korleis du kjem deg til festivalen, overnatting i området og annan praktisk informasjon for ditt festivalbesøk.
Tonar som varer året rundt
Hemsingfestivalen fyller Aurdal med musikk og magi kvar vinter, men musikken stilnar ikkje når festivalen er over. Heile året gjennom blir det arrangert konsertar i Aurdal med nokre av dei fremste utøvarane innanfor klassisk musikk og folkemusikk – frå fjern og nær.
Meld deg på nyhendebrevet vårt
Få siste nytt om festivalen og komande konsertar gjennom året – rett i innboksen.
Meld deg på nyhendebrevet vårt.